søndag 6. februar 2011

Sjalet Nynorsk forteljing

Nok eingong skjedde det, han skulle ha visst betre, dei store gutane kjem att, han igjen. Han hadde sladdra på dei. ”Er du klar for ein omgang med ekstra juling.” Nei, tenkte han, medan han hald seg foran augo. No skal du få, lydde det. No kjem de, dei vil ta meg. Plutselig dukka dei rett fram for han. Dei reiv og sleit i klede hans. Han prøvde å kjempe i mot, men det var nyttelaust, dei var for sterke. Så dukka det opp ei knyttneve og.

Han vakna brott, det var berre ei drøym, eit mareritt. Han hadde sovna bak ein av de store konteinaren like ved skulen. Han hadde komme ein time for tidlig. ”Nils, Nils vakn opp, du må ikkje sove hørte han nogen si.”Ja, eg veit” svarte han, men ikkje meir. Eit år til, berre eit år til tenkte han medan han gjeng nedover gangen. Han var trett, rett og slett trett av alt. Han var trett av lærere, karaktane, lekser og ikkje minst bøllene på skulen. Hans meny besto av erting som forrett, banking som hovdrett og eit eller anna som dessert. Men nå hadde han fått nok, han skulle gjera noko som fikk bøllene til løpe med halen mellom beina. Lærar ” Tyvlytter” var ei skikkelig plage. Det fjolset kunne liksom ikkje la ver å blande seg i andre sine sakar. Fleire gongar hadde han tyvlytta på samtalane til Nils. Han hadde fleire gongar blitt tatt for å hatt med tyggiss på skulen.

Skulen var eit fengesel, der han var fanga, mens dei andre var politi. Kvifor det visste han ikkje, men han visste at var den einaste i klassen som ble hakka på. Han var verken modig eller sterk, men smart det var han.
”I dag har me fått ei ny elev som skal byrje her på vår skule.” sa lærar ”Tyvlytter” Frå døra dukka det opp ei jente. Ho var ikkje akkurat av det pene slaget, men det var noko med ho som gjorde hennar vakker i hans augo. Ho hadde på seg eit raudt sjal som gjorde ho nærast guddommeleg. Augo var brune, men dei var nærast forstørra av dei gigant brilla ho hadde på andledet.  Jenta med gigant brillene satte seg ned på stolen. Med eit braut den saman av kroppen hennar. Dei andre lo av ho, til og med jentene. Ho sa ikkje noko, ho reiste seg opp og bad om å få ei ny stol. Da brast nesten alle i latter igjen, læreren måtte le han og. ”Du treng ikkje ei stol du” ”
Du kan jo berre bruke den store baken din som stol” Ho må ha nerver av stål tenkte han. Han kunne ikkje la være å syns synd på hennar.
 No hadde dei andre gutane på skulen funne eit nytt mobbeoffer, det var ikkje han Nils denne gongen, det var ho.

Skulen hadde ringt ut for lengst, men Nils sto framleis på skulengarden. Tankene hans var som skyene på himmlen, det skal vist byrja å snø, tenkte han. Ei skikkelse med eit raudt sjal gjekk i mot han. Det var ho ”bolla” som dei andre kalde henne. Med store steg gjekk ho mot han.
”Hallo” sa ho med eit lite smil. ”Kva skal du gjere i kveld.” Han hadde aldri trudd at ho ville finne på noko sånt. Ho var ikkje den typen som burde spørje om den slags, spesielt ikkje på hennes fyrste skuledag.
”Kunne du snu deg litt?” sa Nils, og det gjordet ho. ”Var det noko?” Nei sa han og kasta papiret vekk frå ryggen hennar. ”Ikkje noko.”
”Kvifor kjem du til meg?”
”Eg ville berre si takk”
”Takk for kva da?”
”For at du ikkje lo av meg da eg fall”
”Er det så mykje å komme for?” Han såg på ho. Ho sa ikkje noko,men ho smilte.
Nils klødde seg litt i hovudet
”Forresten fint sjal”
”Takk” ho smilte til han, dei brune augo glinste. Han kunne ikkje la vær å smile han heller.
Han gjekk bortover vegen, vekk frå skulen.
”Hei nerden kom hit litt” Det var han Børre igjen, men kva ville han. Utan å nøle gjekk han bort til han.
”Kva vill du?”
”Syns du at ho bolla er pen?”
”Har eg sakt noko som antyda det?”
”Hu er stygg ikkje sant”
Han sa ikkje noko. Ho var riktig nok stor, men stygg han bet seg i leppa. ”Hør her” sa Børre. Han var leiar for dei andre gutane. Han var aleine denne gongen.
”Det eg vill, er at du personlig skal gå til henne og sei at ho er ei stygg feit pølse.”
”Eg skal slutte å kalle deg nerd og mobbe deg viss du gjør slik eg seier.”
Utpressing, ein av hans spesialiteter han hadde vært bort i det før. Børre dytta i han tilbake til skulen. Bolla hadde ikkje gått langt.
Han gjekk bort til henne ganske varsamt.
”Hei”
Ho snudde seg.
”Eg ville berre seie” han snudde seg brot, han var ikkje aleine.
”Kom an, berre sei det, det er jo så enkelt sei kva du syns om hu.” Børre sto bak han, men denne gongen var han ikkje aleine, han hadde tatt med seg nokon andre.

Viss han snudde, risikerte han å bli banka opp, slik som før. ”Du er stygg” sa han lavt til ho. Ho blei nesten til stein, ho berre glode på han med dei brune aguo på. 
Det var jo gøy, nærast pussig, var det slik det dei andre kjende? Etter alle disse år, nå kunne han ikkje la være. Han måtte sei noko meir, men orda ville ikkje komme ut, noko var gale. Han snudde seg brått mot dei andre, spesielt mot Børre, han var høgare ein han sjølv,men no var han ikkje redd han meir. ”Pell deg vekk idiot” sa han.
 ”Lat ho vere i fred ho har ikkje gjort deg noko” Det ble stille, ikkje ein lyd. Dei andre blei heilt tause, dei så ut som ei fisk på land. ”Jaså, nerden vill ha juling” Børre smilte.
Dei kom i mot han, slik som i draumen han hadde hatt. Ei knyttneve dukka opp og så fell han ned som ei sekk. ”Løp” sa han med ei hes stemme, men han oppdaga at dei andre helt ho igjen. Dei reiv i sjala hennes, men hu var sleip som ei sild, ho kom seg unna.

 No var det som om noko brast ut av han. Han reiste seg og slo med all kraft mot Børre. Han lot seg ikkje stoppe, neva slo i alle kantar, han prøvde å fleire gonger å slå han, men det nytta ikkje, han bare dukka unna slaga hans også ble det svart.
”Takk” sa ho. Han himla litt med augo, han syns å sjå to av ho, han prøvde å løfte hovudet men han måtte gi tapt.

Da vakna opp igjen, var ho borte, det einaste som var igjen var det raude sjalet hennar. Det hadde begynt å snø,han måtte koma seg heim. Han tok opp sjalet frå asfalten, tross alt så trengte han noko til å halde seg varm med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar